|
TIMEBESKRIVELSER
INTERVALLSPINN: Kjekk kondisjonstrening på sykkel der me sykler intervaller på ulik lengde. Fra 15 sek til tre minutters lengde på intervallane som blir etterfulgt av aktiv kvile på ca. 30 sek. Kjempegod time til å presse seg sjølv på. Effektivt for kondisjon og feittforbrenning. Kom å bli med
SPINN 30, 45, 50 OG 60: God sykkeløkt med trøkk i musikken og flinke instruktørar som veileder deg gjennom ein sykkeltime med variert terreng. Kom å bli med 
SPINN/STYRKE 65/75 På denne timen får du ein god «dose» kondisjonstrening i tillegg til styrke på overkroppen. Me bruker strikk og manualer som hjelpemiddel. Timen blir lagt opp i intervaller med ei sykkeløkt på to-tre sanger etterfulgt av ei styrkeøkt på to sett, for så å sykle videre med nye to-tre sanger før det igjen er ei ny styrkeøkt. Slik er heile timen lagt opp. Veldig populær time
FATBURNERSPINN: Effektiv kondisjonstrening på sykkel der me prøver å ha ein passe høg og jevn puls heile sykkelturen. Ingen intervaller og tempoaukninger. Men mykje jamn og god jobbing. Prøv denne
Det blir også spinntimar utan instruktør. Du følgjer løypa på skjerm, og får heile tida beskjed om kva nivå pulsen din skal ligge på, slik at treninga blir så effektiv og rett som mulig. Fungerer som din egen personlege trenar gjennom heile timen
STYRK KROPPEN: Navnet seier vel det meste Her bruker me Core ballen til å trene mage/rygg, (coremuskulaturen) me bruker Bosu ballen til ulike styrkeøvelsar, samt til å trene opp balansen, om me bruker vektstenger til å trene god styrketrening på overkropp. Ein time der du verkeleg får stramme opp og auke musekelmassen. Lett oppvarming før styrkedelen.
STEP/MAGE, RUMPE OG LÅR: Kjempekjekk saltime der me jobber på step,en og har gode styrkeøvelsar for mage, rumpe og lår. Her får du både kondisjon og styrke på samme time
SKANETIX: Dette er ei treningsform for styrke, smidighet og balanse. Her bruker me effektive oppstrammingsøvelsar for problem-områder. Her bruker me avstressande musikk og rolege øvelser. Passer også godt for gravide og «ferske» mødre.
ZUMBA: Zumba er ein dansetime inspirert av Latinamerikansk musikk. Timen inneheld ein herlig blanding av Merenque, Salsa, Cumbia og Reggaeton som får fram sveitte og treningsglede. Sjølv om Zumba er dansebaser er det lett å følge med på trinna. Du får brukt heile kroppen, og i tillegg er det veldig gøy. Kom og prøv.
Første del (easy) varer 30 min å tar for seg grunnstega for dei som ikkje ha vert på zumba før, andre del varer 60 min 
STEP/SVETTIS: Effektiv kondisjonstrening på step og golv. Me begynner med ein halvtime på step,en med høgt tempo for så og fortsetje resten av timen på golv med høgt tempo og enkle øvesler. Timen blir ofte avslutta med intervaller. Ein perfekt time for deg som vil ha litt utfordring for kondisjon og puls
MAGE/RYGG: Mage og rygg musklane våre treng ei heilt anna trening enn dei andre musklane våre. Dette er ein time der me har fokus på styrke og samspel i mage/rygg musklane våre. Anbefales!
Styrke med stang 40: God styrketime der me jobber med stang. Det er lurt å varme opp før denne timen! |